Etter å ha kjøpt for mykje garn på "salg" hos Pickles slit eg no med å finne ut kva eg skal strikke. Bomullsgensrane til G og LilleKrokodille er i sluttfaen, og eg sit att med mykje bomullsgarn, og eg har meir same type garnrestar frå tidlegare strikkingar av denne type genser,,, Det er G sin nr 3 og sonen til ei venninne har og fått ein for LLLLLLenge sidan. dvs dei to eg strikka no var nr 4 og 5 for meg...Skal eg lage eit bomullsteppe til LilleKrokodille, ettersom ho i teorien skal melde ankomst i juli, eller er eg optimist.....?? både med hensyn til når ho kjem og temperaturen på Vestlandet i juli....
Eg burde byrje på noko i all alpakkaen eg har liggande, men har ikkje heilt funne eit mønster på vognposse som har tatt heilt av for meg! Dale 1013 ligg best an, men vil ikkje strikke riller, og henne skal eg plassere opningen til "dingsen" i bilsetet (den som kjem opp mellom beina...)
Må vel inn på strikkekroken å få litt hjelp/gode hint... For på ravelry slit eg, kva søren heiter vognpose på english???
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar