torsdag, mars 24, 2011

body

første strikkebody montert og klar. Dette er den eg fulgte oppskrifta på, den nedte vil eg strikke i ein samanhengande del.... og eg har lova sende oppskrifta på det både her og der. Den originale oppskrifa er frå http://mykstart.blogspot.com/


lørdag, mars 19, 2011

mor og born

Denne mammaen var så søt at eg måtte berre legge henne ut, artikkelen fin du her

torsdag, mars 17, 2011

Ånden som går

Ånden som går, besøker meg i dag.

Den huslege ånden og ikkje han der i blått altså...
No har eg satt bolledeig og byrja rydda, men tar sjølvsagt velfortente pausar foran eplepip og nettet.
Eg skal lage skillingsbollar, etter mamma si oppskrift. eller kanskje der er morfar sin (han var bakar......) Det må eg hugse å spørre mamma om.
Og ja, det kjem sjølvsagt bilete av bollane her etterkvart.... no står deigen til første heving, og min vanlege bekymring slår til, har eg KANEL??? Heimelaga bollar er SÅÅÅÅ mykje betre enn kjøpebollar. Godt Brød er dei einaste som nesten kan passere... dei skillingsbollane dei har i dagligvarebutikkane er i vert fall ikkje noko å skryte av.

Her er kva som skjer når ein surfar litt for lenge..
 
.

onsdag, mars 16, 2011

sulten

Burde bake boller, har tom lyst på boller så fant eg dette: Mardi Gras muffins.......

mandag, mars 07, 2011

årets første Bladlus

På min fine stueplante var det komen bladlus, det irriterar. Men no er den spraya (med grønsåpe) og rart, no luktar huset reint...

Har tenkt å ta det med ro denne veka, så då starta eg med å ryddehus og drepe bladlus.  Det er ei roleg veke for meg.
Eg har piggtråd i halsen og rygg og bekken verkar slik at det meste vert vanskeleg.

For at min kjære skal få sove, skal eg sove oppe i natt. Han var ikkje særleg i form i dag tidleg. Det kan ikkje vere gøyt å starte veka trøtt....

lørdag, mars 05, 2011

Strikkingens dilemma

Etter å ha kjøpt for mykje garn på "salg" hos Pickles slit eg no med å finne ut kva eg skal strikke. Bomullsgensrane til G og LilleKrokodille er i sluttfaen, og eg sit att med mykje bomullsgarn, og eg har meir same type garnrestar frå tidlegare strikkingar av denne type genser,,, Det er G sin nr 3 og sonen til ei venninne har og fått ein for LLLLLLenge sidan. dvs dei to eg strikka no var nr 4 og 5 for meg...
Skal eg lage eit bomullsteppe til LilleKrokodille, ettersom ho i teorien skal melde ankomst i juli, eller er eg optimist.....?? både med hensyn til når ho kjem og temperaturen på Vestlandet i juli....
Eg burde byrje på noko i all alpakkaen eg har liggande, men har ikkje heilt funne eit mønster på vognposse som har tatt heilt av for meg! Dale 1013 ligg best an, men vil ikkje strikke riller, og henne skal eg plassere opningen til "dingsen" i bilsetet (den som kjem opp mellom beina...)
Må vel inn på strikkekroken å få litt hjelp/gode hint... For på ravelry slit eg, kva søren heiter vognpose på english???