søndag, februar 13, 2011

vi har alle våre gleder

I heimen er det store ting å glede seg over....
  • Far har fått ny bil....
    Den skal nok brukast av alle i familien, men far var gladast for å få NY bil.
    Det er litt rart for så fort vi hadde signert papira på den nye fine bilen, byrja den gamle å legge seg for døden. Låsen vart vanskeleg, og mor vart stadig meir irritert...
     
  • Mor har fått garn
    De skel ikkje fleire hundretusnar til for å imponere mor. Det er dei små, men vikitige tinga ho vert glad for... Som ein Pose med alpakka garn frå Pickles. Kosta ein formue, men ååå så mykje glede.

    Det vil heilt sikkert komme oppdateringa på korleis det går. pg kva alt blir men planen er som følger...
  1. vognpose
  2. jakke til meg med vossamønster (eigenkomponert???)
  3. og ein del omslagsbodyar til vetle Frø

    Ingen kommentarer: