tirsdag, februar 22, 2011

Det er vår

Eg syns det burde vere det, og har difor byrja sjå vårteikna
  • Eg syns eg hørte gjess (trekkgjess) her om dagen
  • Dei galne småfuglane i skogen er byrja kvittre som berre det, og har slutta ete fuglefrø
  • Det er sol, og den varmar... (sjølv om minusgradane om morgonen kan få kven som helst å bli i senga)
  • EG har bestemt at vinteren MÅ snart vere over, ergo VÅR

mandag, februar 21, 2011

Namn

Det er no tre ønske namn igjen.

Eg har forelska meg i Sunniva....
Far i Tuva.
og Kongen sjølv, ho som skal bli storesøster held fast på Krokodille.....

tirsdag, februar 15, 2011

Ultralyden....

I dag var vi på ultralyd, og det såg ut som om det blir ei jente denne gangen også...
Så gøyalt. No gjeld det berre overbevise G om at ei vetlesøser kan være gøyt...
Ho har jo haldninga at ho vil ha ein vetlebror. Og lillesøster kan gies til J i barnehagen, for ho skal få ei slik ei..

Det har sine praktikaliteter, dei kleda vi har part på an brukast om att... No var jo vi ganske bestemte på at det ikkje skulle bli fleire enn G Slik at vi ga vekk alle kleda og utstyret vi hadde.. Men litt er det no. Og vi har då GODE vener. som også er HEILT overbeviset om at dei ikkje skal ha fleire

Så var det namn... Min kjære er berre teit og seier Gunda og slike namn, OG DET kjem ikkje på tale...

Eg har ulike forslag.
i tilfeldig rekkefølge...

  • Ellinor
  • Astrid
  • Miriam
  • Josephine (Josefina)
  • Ingeborg
  • Elenora
  • Leyla
  • Ella
  • ..her kjem det sikkert fleire etter kvart...
Far har følgande forslag
  • Tuva
  • Silje
  • Frøydis
    Det er ikkje SÅ enkelt denne gangen

    mandag, februar 14, 2011

    vindaugeskarmen

    eg er glad i mine orkidear, og dei fleste har eg fått av min kjære.. Her er nokre av dei som bløm(blomar) no...

    Denne fekk eg for lenge sida og den står no ein vinduskarm og får vatn i ny og ne, og her er resultatet..

    Gratulerer med Valentinsdagen Kjære!!!

    søndag, februar 13, 2011

    vi har alle våre gleder

    I heimen er det store ting å glede seg over....
    • Far har fått ny bil....
      Den skal nok brukast av alle i familien, men far var gladast for å få NY bil.
      Det er litt rart for så fort vi hadde signert papira på den nye fine bilen, byrja den gamle å legge seg for døden. Låsen vart vanskeleg, og mor vart stadig meir irritert...
       
    • Mor har fått garn
      De skel ikkje fleire hundretusnar til for å imponere mor. Det er dei små, men vikitige tinga ho vert glad for... Som ein Pose med alpakka garn frå Pickles. Kosta ein formue, men ååå så mykje glede.

      Det vil heilt sikkert komme oppdateringa på korleis det går. pg kva alt blir men planen er som følger...
    1. vognpose
    2. jakke til meg med vossamønster (eigenkomponert???)
    3. og ein del omslagsbodyar til vetle Frø

      onsdag, februar 02, 2011

      Endeleg jobb??!!

      Er tilbake på jobb etter så altfor lang tid.
      det beste var å komme på jobb og alle var glade over at eg kom, men allikavel har dei overskot til å sei TA VARE PÅ DEG SJØLV...

      Eg har tydlegvis gode kolleger!! Ingenting er betre.
      Kantina er som før (over hovudet ikkje noko å rope hurra for!. Alle dei artige nedover i gangane ser ut til å forlate oss... Snufs,,,Kitty!!!
      Eg kan snakke masse om det, men tenkjer at det ikkje er det luraste sånn i offentlegheten.