søndag, november 06, 2005

det vetle hjørnet til Pia, frå Hofteskåla 2-05

Det fins masse i verda som er godt for deg.
Men det er ikkje alltid like gøyt. Trening og ikkje minst eigentrening er vel noko vi, som hoftepasientar, får beskjed om å gjere. Men det er ikkje lett, etter ein lang dag på skule eller jobb og pakke ein treningsbag, og komme seg ut på eit treningssenter. Det er ofte mykje tyngre enn sjølve treninga. Men når du då har vore og trena om det er øvingar hos fysioterrorist, vekter i ein sal eller fellestrening. Då er du lettare til sinns, og ikkje minst ein får så utruleg godt samvit. Det ein bør tenke på når ein skal trene er ikkje kor hardt det er, men den inderlege gode kjensla ein får i etterkant. Det er det som motiverer meg.

Med ei dårleg hofte er det ofte slik at trening vert eit problem, det er smerter og ein har fysiske begrensningar. Det vert enklare å sei at eg kan ikkje pga hofta enn å skilje seg ut å gjere ting på sine vilkår. Og sidan ein ikkje kan trene uansett, så er det jo masse som ein kan kose seg med på tv, og ikkje minst så fortener vi det vetle ekstra, det være seg ein sjokolade eller litt is.

Slikt har ofte konsekvensar både på kroppsform og vekt. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at auka vekt og lite trening ikkje har vist seg å ha noko fantastisk bra effekt på hoftene våre. Eit treningstilbod som var tilpassa oss med våre hofter hadde sjølvsagt vore midt i blinken, eg pleidde snike med meg ungdomsreumatikarane i basseng, dei hadde mange liknande begrensningar som meg. Men til å får eit slikt tilbod er vi for få og bur for spreidd. Ei viktig oppgåve for Hofteforeningen no og for framtida er at det vert spredd informasjon til medlemmer og helsepersonell om treningeopplegg og behandlingsmetodar

Vinteren er ei tung tid for mange her i nord. Og det å motivere seg til å ta seg ein tur ut er ikkje alltid like enkelt.

Tenk deg tanken, Det er mørkt, november og klokka er litt over seks på morgonen. Vi er i Bergen med typisk bergensvær. Himmelen sine sluser er opne og alle som trur regn er englar som tissar har aldri vore i Bergen. Her kjem det ned i bøtter og spann, og mest sidelengs, det er ikkje ein levande skapning å sjå, til å med gatekattane har hatt vett nok til å søke ly. Ut i mørket kjem eg i ført mitt slitte regntøy som ikkje er så veldig vatntett, sykkelhjelm og refleksar nok til trygt å kunne gå under kategorien julepynt. For å stige på ein sykkel og trø 10 km til jobb.

Då har eg ein god dag, sjølv om eg alltid håpar på litt opplett vær i firetida slik at eg kjem heim, sånn halvtørr. Og kan sette meg foran TVen med litt sjokolade og masse god samvit.

God trening folkens!!
Og snart er det nyttår og tid for forsett og lysare tider

Ingen kommentarer: